Om oss

Dagleg leiar

Paul Kristian Hovden

Dagleg leiar

Morten Fonseca

Steinar Sætre

Gravminne

Det er mange val å ta ved kjøp av gravstein.

Utforming, farge, skrift og tilhøyrande dekor/bronseartiklar er noko av det som må tenkast på.

Gjennom vår leverandør, Kjøl Stenindustri AS, legg vi vekt på kvalitet med basis i godt handverk.

Du kan prøve Steinbyggjaren der du kan leggje inn eigen tekst, skrifttypar og dekor på ulike gravminne.

Gravering av nytt namn, oppussing, vask og vedlikehald vert gjort til fast avtalt pris.

Vi gjev råd og rettleiing.

Aktuelle tenester

Som byrå gjev vi råd og rettleiing i høve alle praktiske gjeremål i samband med ei gravferd eller ein kremasjon.

Nedanfor syner vi ei oversikt over noko av det som vi hjelper til med.

• Kiste og utstyr
• Henting av avdøde ved institusjon eller i heimen
• Stell av den døde og nedlegging i kiste
• Fastsetjing av tid og stad for gravferd/kremasjon
i samarbeid med prest og kyrkjeverje.
• Oppsett/ innsending av dødsannonse til aviser
• Trykking av songhefte
• Dødsmelding og andre offentlege papir
• Søknad om gravferdsstønad – NAV. Stønaden frå NAV er behovsprøvd. Ein kan få inntil 25.377 kr i stønad dersom avdøde ikkje har midlar, i følgje siste likning,  til å betale for gravferda• Syning/båreandakt
• Formidle kontakt med solist o.l
• Pynting og assistanse i kyrkje/kapell eller sermonirom
• Båretransport av kiste evt. urne i inn- og utland
• Minnesamvær, vi har oversyn over ulike lokale
og kan formidle kontakt
• Gravmonument eller inskripsjon av nytt namn

Tinging av blomar til gravferder gjer de direkte til blomsterbutikkane.

Vi har godt samarbeid med blomsterbutikkane i området, og bringer kransar og oppsatsar til kyrkjene når gravferdsdagen kjem.

Blomsterbutikkar:

Ørsta:

Tilseth blomster tlf. 700 67 381

Heimeside: https://www.tilsethblomster.no/

Volda:

Aarflot blomster tlf. 700 77 301

Heimeside: https://www.aarflots.no/